I dag blir vi møtt av reklame nesten
kvar dag i det vi går ut av døra vår, han finst overalt i utalde former. Dei
fleste av oss har nok sett ein reklame på tv eller ved opphenging av plakatar,
dette og reklame på radio i tillegg er kanskje dei meste brukte reklameformene
i dag. I tillegg til dei har vi avisannonsar, reklame som kjem i posten og
reklame i form av skjult reklame. Reklamar brukar verkemiddel for å appellera
til folk. Men det store spørsmålet er, kva veit vi eigenleg om reklame?

Reklame er ei samansett tekst som prøver å få oss til
å kjøpa eit bestemt produkt eller utføra ei handling ved hjelp av ulike
verkemiddel som humor, frykt og familie og samliv. Reklame kan vera utruleg dyrt
og er ei blanding mellom visuelle, auditive og litterære verkemiddel som nyttar
seg av sansane våre. Reklame kan også vera ulovlege,  dei kan òg påverka korleis vi tenkjer og er.
Vi finn reklame som sagt nesten overalt som lydar, bilde og tekst.

We Will Write a Custom Essay Specifically
For You For Only $13.90/page!


order now

Vi lever i dag i eit samfunn, der reklame påverkar
oss meir og meir. Kvifor blir vi påverka av denne reklamen, og kva er det som
gjer at vi let oss påverka? I denne oppgåva vil eg prøva å skildra kva reklame
er, korleis reklame påverkar oss, og på kva for måtar reklamebransjen kan
påverka oss.

Spesielt barn lèt seg lett påverka av reklame. Dei
har ikkje lært seg å vera kritisk, og freistinga blir ofte større for dei enn
andre. Den store mengda godteri- og snacksreklame kan ofte verka overveldande.
Det same gjeld for reklamar for leiker og liknande ting. Reklamen gjev eit
bilete – kanskje eit falskt bilete, av kva som er populært og kult. Barn vil ha
meir og krev meir.

Dei same reklamane kan også påverka vaksne. Vi blir
freista av å sjå reklamar av flytande sjokolade, og har lært oss at utan Kims –
ja, då vert det ingen kos. Kan vi på denne måten seia at reklamar har dårleg
innverknad på livsstilen vår? Reklame er til for å fremja produkt og tenester,
og dei vil av den grunnen unngå å nemna alt som er negativt med produktet dei
omtaler.

Det blir hovudsakleg brukt retoriske omgrep for å
påverka mottakaren gjennom reklame. Dei tre hovud omgrepa i retorikken er etos,
patos og logos. Etos som er det første, handlar om truverd og personlegdom, kan
teksta stolast på? Er kjeldene truverdige? Patos går meir på det emosjonelle,
altså korleis innhaldet vekker kjensler hos lesaren, eller mottakaren, her kan
vi bruka metaforar, overdriving, repetisjon eller leiande spørsmål på veg mot overtaling.
logos er den siste av desse tre og spelar på det “saklege” det logiske. Såkalla
“open” argumentasjon. Argumentet må vera relevant i forhold til saken og det må
kunna bevisast at det er sant. Det er viktig at ein ikkje brukar synspunkt og
grunngje dei med eigne personlege meiningar. Det kan ofte resultera i at berre
personane som deler same meiningar som deg blir dei einaste personane som er einige
i synspunktet ditt og meiningane dine. Og når målet er å overtala den andre
parten, kan resultatet ofte enda med tap.

Reklame har blitt ein vesentleg del av liva våre. Den
er overalt, frå du blir vekt av klokkeradioen om morgonen, når du blar opp
dagens ferske avis ved frukostbordet, og i det du set deg i bussen og tittar ut
av eit vindauge som det hengjer plakatar med fargesprakande bodskap på (for
ikkje å snakka om at heile bussen er dekorert med reklame på utsida) til du
skal stikka innom nærbutikken for å handla middag. Kanskje du ikkje blir utsett
for reklame på jobben, men i det du klikkar deg inn på Internett for å leita
opp noko informasjon, så er reklamen der igjen! Han blinkar, snurrar og lagar
lydar på data skjermen du har framfor deg.

Reklamen får meir og meir makt i dagens samfunn. Den
styrer i større og større grad kva for underhaldning og tilbodet til
informasjon vi skal tilbydast, og i enkelte land som for eksempel USA styrer den
allereie på lang veg korleis politikken og landet skal styrast. Eit godt eksempel
er korleis president George W. Bush prøvde å halda lok på kor skadeleg feit og
søt mat eigenleg kan vera, fordi store delar av sukkerindustrien gav han ein
vesentleg del av den økonomiske støtta hans. Nyheitene på reklame kan
innsnevrast og bli manipulert, for å få meir oppsiktsvekkande nyheitsoppslag
som fører til at fleire menneske ser på, som igjen fører til meir pengar i
kassa.

Men det er også mange positive sider ved reklamen i
dag. Reklamen skapar mange arbeidsplassar, der det omsettast for milliardar av
kroner. Reklamen gjev store inntekter for aviser, fjernsyn, radio og kanskje
spesielt for idrettsutøvarar. Reklamen er eit viktig ledd for at den vestlege
verda skal kunna fungera. Hadde det ikkje vore reklame som kunne finansiera
diverse føremål, måtte då alternativet vera at skattepengane ville blitt skutt
til værs, og antall arbeidsledige like så. Med hjelp av reklamepengar kan ein
forbetre kvaliteten på tv-program, radiosendingar, avisar og vekeblad
betydeleg.

Til slutt vil eg seia noko om mine eigne meiningar om
reklame. Eg synest det er bra at reklamen gjer at vi kan få gratis
tv/radiokanalar, billege aviser og billegare kollektivtransport. Eg meiner også
at vi menneske får så mykje reklame pøst på oss kvar dag, så vi blir meir og meir
immune.

Vi må bli meir og meir kritisk til reklame, og meir bevisst
på kva vi treng eller ikkje. Det er fleire grunnar til å bli meir kritisk og bevisst
til kva vi kjøper. Både for miljøet sitt skuld (så vi ikkje blir ein endå meir
“bruk og kast” samfunn enn det vi allereie er) og for vår eiga økonomiske
skuld.